Ut på tur!

Fisking, padling, båttur, selsafari, dykke etter skattar, fjellturar, fuglefjell og krabbefiske - dette er noko av det du kan oppleve her ute
i havgapet med oss!


Aktivitetar etter smak og behag

Det handlar ikkje om dei største høgdene på fjella i Havlandet, men kanskje den finaste utsikta. Du kan gå dei lyngkledde heiene ut til stupa mot havet, eller du kan gå over større vidder, om du held deg til Gurskøya som er den største øya i Herøy.

Du finn bratte og ville, men og snille og slake fjellturar i Havlandet. Felles for turane er den magiske utsikta mot storhavet uansett kva for topp du vel!

Om du ynskjer ein tur på havet er kajakk, fiskebåt, sightseeingbåt og RIB vanleg å bruke, eller om du vil ha heile deg i vattnet så kan coasteering anbefalast for verkeleg å kjenne ramsalt sjø på kroppen!

OPPLEVINGSLEVERANDØRAR

POPULÆRE FOTTURAR

  • KVALSVIKRYGGEN

    Kvalsvikryggen ligg lengst ut mot Atlanterhavet i Havlandet, ein unik og spektakulær fottur som går på toppen av dei forrevne klippene som stuper ned i havet. Fotturen går frå Golleneset fyrlykt, opp og over Okla, via Helleskaret til Børa, over Barmen, og til slutt magiske Muletua, 253 meter over havet. Utsikta til vakre solnedganger, til storm og ruskever, til havblikk og svarte klipper som styrtar i havet frå Kvalsvikryggen mot fuglefjellet på Runde, til Svinøya og Golleneset fyrlykt må du berre oppleve.

  • RJÅHORNET PÅ NERLANDSØY

    Rjåhornet ligg på Nerlandsøya, den tredje største øya i Herøy, og byr på fint fjellområde med lyng og myr. Slag stigning frå Kvalsund eller brattare terrengstart frå Kopperstad. Denne turen belønner deg med flott utsikt mot Skorpa og ned i Skorpesundet, ut mot Muletua og storhavet. Det er også flott utsyn mot Sunnmørsalpane i den andre retninga.

  • HEID TURSTI

    Turstien på Heid er ein panorama-tursti på byfjellet Tverrfjellet, med panoramautsikt begge vegar!

    God, brei og fingrusa veg gir deg på nokre få høgdemeter eit storslått vidsyn til både Sunnmørsalpane og storhavet som strekker seg så langt du kan sjå. Langs stien er det gapahukar og utsiktspunkt. Ein avstikkar er bratt ned til Fosnavåg hamn. Ein annan er opp til Hornseten.

  • TEIGETUA

    Teigetua er ein fjelltopp på 268 meter på Nerlandsøy med utsikt mot Kvalsvik, Kvalsvikryggen, Runde og inn mot land ser ein mot Sunnmørsalpane. Her er det antenneanlegg som tek imot og sender kringkastingssignal.

  • STORERONDA PÅ MOLTU

    Storeronda er ein 5-topps-tur med start frå parkeringsplassen Kvia på Moltu, og går over 5 fjelltoppar på Gurskøya. Distansen er på 13 km, og høgste punktet er på Sollia, 660 moh. For den mest spektakulære utsikta, bør du gå Syrebakkane først, og Storehanen til slutt.

  • IGESUNDVARDEN PÅ BERGSØYA

    Å gå på Igesundvarden er ein bynær rundtur med god utsikt over Fosnavåg og det meste av Herøy. Igesundvarden er vestlegaste toppen på Bergsøya, og ligg 189 moh.

  • REMØYKAMMEN OG VARDANE

    Turen Remøykammen og Vardane går på langs eggen over heile Remøya. Du har flott utsikt mot dei andre øyane i Herøy og mot Hareidlandet. Du har også utsikt utover mot havet. Dette er ein fin rundtur. Vardane vert også kalla Linken fordi der er ei telemast på toppen.

  • MULETUA PÅ NERLANDSØYA

    Muletua er vestlegaste fjelltoppen i Herøy utanom Skorpa. God utsikt i alle retningar, vest i havet ser du ut mot Svinøya, mot sør ser du Skorpa, mot søraust ser du dei andre fjella i Herøy og mot nordaust ser du Runde.

  • SKÅLA PÅ GURSKØYA

    Skåla (184 moh) er den nordlegaste toppen på Gurskøya og ligg mellom Sandvika og Tjørvåg. Det er lettgåtte og merkte ruter frå Sandvika, Stokksund skule, Trolldalen og Tjørvåg.

  • BYVANDRING RUNDT VÅJE

    Byvandring i Fosnavåg sentrum, som etter at Vågsbrua opna hausten 2020, har blitt ein fin rundtur i urbane, historiske og spennande område som passar for alle.

  • GOLLENESET PÅ NERLANDSØYA

    Ein kort tur i lett terreng til det nordlegaste punktet på Nerlandsøya – Golleneset Fyr. Her kjem du ut til storhavet, og den lange havranda gir perfekte forhold for å nyte sola sige ned i havet.

  • HULDREHORNET PÅ GURSKØYA

    Huldrehornskogen er ein spennande skog med gamle furutre og ulike lauvtre før ein kjem opp over tregrensa og får flott utsikt. Her er fine turstier frå mange kanter som alle fører deg til topps på 271 moh.

  • LEINEHORNET PÅ LEINØYA

    Leinehornet er høgste toppen på Leinøya 364 moh, så du har god utsikt herifrå mot dei andre øyane i Herøy. Du har også god utsikt mot Ulsteinvik og fjella i Ulstein kommune.

  • LYSLØYPA PÅ LEIKONG

    Lysløypa er bygd for heilårsbruk. I sommarhalvåret kan ein bruke løypa både til fots, med vogn og på sykkel. Det er utplassert benkar og laga bålplassar fleire stadar i løypa. Vinterstid når nok snø så kjøyrest det opp fine skiløyper!

  • STOREVARDEN PÅ NERLANDSØY

    Flott og enkel fjelltur, med spektakulær utsikt frå toppen. Her kan du sjå til Runde, mot Ålesund, til Sunnmørsalpane, og til øyane i Havlandet. Turen er godt merka, også med refleks for mørke turer med hovudlykt. Enjoy!

  • LAUPSNIPA PÅ GURSKØYA

    Laupsnipa ligg på grensa mellom Herøy og Sande og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar.

  • RUNDE FYR

    Heilt ytterst ute på nordsida av Runde ligg Runde fyr, eit av dei eldste fyra i landet. Her er ein så langt ut i havet som ein kan kome til fots. Hit kjem du på god og tilrettelagt sti, kloppar og steintrapper. Turen tek rundt ein og ein halv time, først opp på Rundemyrane, så over flate vidder og langs kanten av øya på motsett side av fuglefjellet, før det trappar ned mot Kvalneset og fyret. Her er fleire hus, fyrlykta og restane av det store, gamle støypejarnstårnet. Fyrvaktarbustaden er Turistforenings-hytte der du kan overnatte.

  • RUNDTUR PÅ RUNDE

    Runde er ei svært populær øy å besøke der den ligg langt ut mot havet og med rikt fugleliv. Runde fyr er også ein attraksjon. Denne ruta har start på Runde, følger kanten i omlag 1,5 km til Lundeura, går vidare opp til Rundebranden, tek ein avstikkar til Runde fyr og endar i Goksøyr. Eit litt anna startpunkt enn dei fleste tek.

Opplev Havlandet

 

Vegen hit

Du finner oss til midt i sentrum i Vågsgata 10.

Herøy Næringsforum held til i lokala til CANN designbyrå i Fosnavåg sentrum.