Velkomen til Herøy!

Om Herøy næringsforum

Herøy næringsforum vart etablert som ei stifting i 2002 for å marknadsføre Herøy og Fosnavåg gjennom konkrete prosjekt og tiltak for utvikling av næringsliv og lokalsamfunn.

Herøy har eit spennande næringsliv! Vi har ca. 100 partnarar innan marin- og maritim næring, teknologibedrifter, servicetenester, reiselivaktørar, handel- og serveringsaktørar.

Styret

Styreleiar:

  • Svein Rune Smådal


Styremedlemer:

  • Lars Ivar Moldskred (industri)

  • Linn-Therese Hansen Sævik (reiseliv)

  • Andreas Leine (marin)

  • Kristin Vedeld Kolgrov (shipping)

  • Jan Erik Myrseth (handel)

  • Varamedlem: på val

Herøy Næringsforum

Våre ambisjonar

  • Vere samlande for næringslivsinteresser både til havs og til lands

  • Tilretteleggjar for samarbeid og kompetansedeling

  • Gi synlegheit for næringslivet

  • Bidra til tiltak for rekruttering og tilflytting

  • Engasjement i utviklingsprosjekt og bulyst-tiltak

Korleis nå ambisjonane

  • Løfte fram god næringsutvikling og lokale ambassadørar som betyr noko for næringslivet

  • Arrangere og utvikle den årlege Fosnavågkonferansen

  • Vere ein aktiv tilretteleggar for reiselivet på tvers av kommuner

  • Aktivt leite etter, og ha kunnskap om, samarbeidsprosjekt og støtteordningar, og formidle vidare til næringsdrivande og gründerar

  • Delta i arbeidet med å bevare og auke utdanningstilbodet ved Herøy vidaregåande skule, evnt også utdanningstilbodet elles i regionen, også på ungdomsskulenivå