Svolten eller tørst
Den urbane kystbyen Fosnavåg og omegn har ei rekke gode spisestader du kan besøke, når du vert svolten og tørst etter turen.
Havlandet byr på fleire typar matopplevingar.
Om du ynskjer “fine dining” med kortreist mat rett frå havet så vel du Kami Skotholmen, restauranten som ligg ute på eiga øy! Restaurant Sjøkanten på Thon Hotel tilbyr både kjøt- og fiskerettar, og på Madelynn kan du ete burger og andre amerikanske godsaker. Restaurant Fosnavåg Brygge har “husmannskost” på menyen, og Elmirs har både pizza og kebab som er ynda mat blant dei unge.
Ynskjer du å oppsøke spiseplassar utanfor sentrum, så er det kort kjøyretur til Horisont Restaurant på Mjølstadneset (som også har kunstgalleri!), Lanternen ved Herøy-brua eller på ein på ein liten halvtime er du på Runde og kan besøke kafeene på anten Christineborg eller Runde Miljøsenter.
-
Madelynn Coffee Fosnavåg
Kaffebar med amerikansk inspirert mat.
-
KAMI SKOTHOLMEN
Sjømatrestaurant på eiga øy.
-
BOGNE BRESERI
Tema- og selskapsrestaurant for lukka lag og med åpent ein gong i blant.
-
Restaurant FOSNAVÅG BRYGGE
Restaurant med heimlaga mat.
-
ELMIRS pizzeria og grill
Pizzeria, grill og kaffebar sentralt plassert i Fosnavåg sentrum.
-
RUNDE Miljøsenter kafe
Kafe med opplevingar.
-
RESTAURANT SJØKANTEN
A la carte-restaurant på Thon Hotel Fosnavåg.
-
LANTERNEN kafe og gatekjøkken
Kafe, gatekjøkken og kiosk på Jensholmen ved Herøybrua.
-
MENY Fosnavåg
Matbutikk med fiskedisk og kortreist mat i Fosnavåg sentrum.
-
HORISONT
Lunsjrestaurant og kunstgalleri på Mjølstadneset.
-
KJELDSUND leirstad og gjestegard
Torsdagar er det open kafe med heimlaga mat og “verdens beste karamellpudding”!
-
SUNNMØRSBADET
Badeland med kafe for svoltne badegjestar.
-
MIX EGGESBØNES
Hurtigmatrestaurant og storkiosk.
-
YX bensinstasjon
Bensinstasjon med mat i farta
Opplev Havlandet
Vegen hit
Du finner oss til midt i sentrum i Vågsgata 10.
Herøy Næringsforum held til i lokala til CANN designbyrå i Fosnavåg sentrum.